Kilde: Grannar avis
Text: Henrik Hanstvedt
På gardsbutikken i Hogganvik er det mogleg å kjøpe alt i frå saueskinn, bokmerker, og deira berømte ost. - Det er for at folk skal føla seg velkommen, seier Insa Rumpf.
Hogganvik Landsby er eit arbeids- og bufellesskap kor folk med funksjonsnedsettingar lever og lager ting saman. For eit år sidan opna dei ein gardsbutikk kor ein kan kjøpe det dei produserer i landsbyen. - Me opna butikken fordi me ønskjer at folk skal føle seg velkommen til å berre svinge innom Hogganvik. Då får også bebuarane her kontakt med folk frå omverda, som er veldig positivt for dei, seier Insa Rumpf,som sit i leiarstyret til Hogganvik Landsby. Ser ein bort i frå bilane er det rett som å spasere inn i fortida når ein kjem til landsbyen. Mange av husa blei bygd på 1700-talet og blei pussa opp da Camphill-foreningen overtok garden. Rett attmed butikken er det ei vevstove kor dei vever tepper, bokmerker, og luer på den gamle måten, og alt er til sals. Men det er osten som trekker flest kundar: - Dei fleste kjennar oss for osten, som dei også sel til nokre butikkar i Haugesund, seier ho. Osten er økologisk og upasteurisert- altså ikkje varmebehandla, og kjem i fleire utgåver og smakar. Heile prosessen med å lage denblir gjort på garden. - Osten speglar på ein måte våre verdiar, då det er eit samarbeid mellom alle på garden for å lage den, seier Rumpf.
- Alle er likeverdige
Hogganvik landsby er ein del av Camphill-rørsla som tilbyr landsbyliv som ein metode for å hjelpe folk med funksjonsnedsettingar. Rørsla baserer seg på Steiner-pedagogikk, og Hogganvik er ein av seks andre landsbyar av same slag i Noreg. -Steiner-pedagogikken utgjer våre grunnverdiar, hovudsakeleg med tanke på menneskebildet, som er at alle er likeverdige. Også det forholdet vi har til naturen og økologisk jordbruk er viktig for oss, seier Rumpf. Vidare fortel ho at målet er at bebuarane ikkje berre skal ha ein stad å bu og få hjelp, men at det også skal gjere noko som er meiningsfullt.
- Godt besok
Butikken har ope heile dagen, og er sjølvbetent. -Det er mange som stikk innom og butikken er godt besøkt, spesielt nå om sommaren, seier Rumpf. Ho fortel at mange som av dei som kjem til butikken kjenner til Hogganvik frå før av, men at nå om sommaren er det ein del besøkande som aldri har høyrt om det. -Det er folk som har gått tur i området fleire terpokober gonger og sett at det er noko her,og etter me opna butikken har fleire av dei kome innom, seier ho. I tillegg til å ha butikk, ararrangerer landsbye open dag og sommarkafé minst ein gong i året, slik at andre fårr sjå sj korleis dei har det.