Christoffer Bruun

....vart fødd i 1839 i Kristiania. Far hans døde tidleg og familien flytta då til Hedemark og seinare til Lillehammer. Der begynte han på latinskulen, men kjempa seinare mot latinen og dyrka det nasjonale, der bonden sitt arbeid og kulturliv skulle lyftast fram. På mange måtar kan ein seie at Bruun  var ein romantikar , der nettopp kroppsarbeid og liv i pakt med naturen var godt for å øve opp viljen og styrke trongen til fridom. 

Han studerte

....teologi og meinte at kyrkja skulle delta i kultur- og samfunnslivet. Bruun var og prega av tankane til Søren Kierkegaard på den måten at dei tankane han la fram skulle vere personlege og eksistensielle. Han var og aktiv med å halde foredrag for studentar, der han oppmoda til samarbeid mellom dei skandinaviske landa.

Samstundes

....kan ein beskrive Brunn som ein reaksjonær mann. Nokre av haldningane hans er vanskeleg å forstå i dag. Han dyrka dei norrøne heltane og hadde tankar om folkestammar og nasjonal gjenføding. Han meinte og at bøndene ikkje var mogne for demokrati og ikkje burde får plass på stortinget. Han hevda og at kvinner si oppgåve var å forstå mannen og at kvinner var ein trugsel mot mannen sitt andelege liv. I tillegg var han sterkt imot unionsoppløysinga i 1905. 

Folkehøgskule

I 1867 oppretta han ein folkehøgskule i Sel i Gudbrandsdalen, men som seinare vart flytta til Gausdal, ikkje langt unna Bjørnson sin heim Aulestad. Her budde han saman med kona si,  Kari Skar og dei fekk 8 barn ilag. Bruun døyde i 1920 i ein alder av 80 år.