Fartein Valen

....vart fødd i Stavanger i 1887. Frå han var 3 til han var 8 år, budde familien på Madagaskar, då foreldra var misjonærar. Valen høyrde difor mykje på gassisk musikk og mykje av den tidlege musikken hans er prega av dette. Han studerte musikk hjå Catharinus Elling. Så reiste han vidare til Berlin der han møtte kjende musikarar og komponistar. Under den fyrste verdskrigen, budde Valen heime på Valevåg i Sveio i heile 10 år. Han fekk oppførd verket sitt Ave Maria med Oslofilharmonien. Dette stykket fekk ikkje god omtale av dei konservative kreftene i musikkmiljøet. Men Valen let seg ikkje påverke av negativ omtale i pressa. Og etter kvart opplevde Valen at folk begynte å like den musikken han laga.

Han reiste

....så til Paris og vart kjend med musikken til Arnold Schoenberg. Dette inspirerte ham til å lage heilt ny musikk. Han snudde opp/ned på alle tonane og laga det ein kallar for fri, atonal musikk. Men også Johann Sebastian Bach skal ha vore ein stor inspirator for Fartein Valen. Vidare hadde han eit lengre opphald på Mallorca og fekk mykje ny inspirasjon til musikken sin der. 

Kirkegården ved havet

Hans mest kjende musikkstykke er nok orkesterstykket Kirkegården ved havet, inspirert av den franske diktaren Paul Valery sitt dikt. Pianisten Glenn Gould skal ha sagt at etter å ha høyrd dette stykket, fann han endeleg  ein ruvande skikkelse innan musikken frå det 20 århundre.

Kaktusar

Fartein Valen elska kaktusar, men og den norske fjordhesten, fjordingen. Han var mykje for seg sjølv men og saman med systera si. Dei to hadde eit nært og godt forhold. Det meiste av musikken skreiv han i Valevåg. Han let seg og inspirere av Goethe og laga eit musikkstykke kalla Sakontola etter Goethe sitt dikt.

Fartein Valen døydde i Haugesund i 1952.